onsdag 27. oktober 2010

Ei natt på toppen av Wales

Ferien i Snowdonia(nord-vestlege Wales) er heilt fantastisk. No skal eg bruka ein liten haug bokstavar til å skildra eit av eventyra eg har fått oppleva her oppe; Cadair Idris. Det er det nest høgaste fjellet i Wales og er 863 moh. på det høgaste. I forhald til fjeldi heime blir det ikkje so voldsomt stort, men i forhald til ellers ekstremt flate Wales so er det rimeleg dramatisk. Det tøffaste med detta fjellet er då og ikkje sjølve høgda på det, men historia bak det. Eigentleg er det ein gamal vulkan, som no har døydd ut. På kvar side av sjølve fjellet finn ein to krater som no er fylde med vatn og har blitt til dugelege fjellvatn.


Det største heiter Llyn Cau og skal etter legenda blitt til av tårene til den walisiske giganten Idris som budde på fjellet i keltisk mytologi. Fjellet har nemleg betydeleg plass i religiøs og kulturell samanheng hjå den paganistiske tradisjonen i Wales. Dei som framleis trur på dei gamle keltiske gudane og rituala samlast visstnok på fjellet årleg for å dyrka den eldgamle mytologien. I fylgje ein god del historikarar var store delar av det vestlege Europa keltisk i verkeleg gamle dagar. Frå heilt sør i Spania til langt inn i det som i dag er Ukraina og Aust-Europa. Keltisk var eit av dei tre største språka i Europa, saman med latin og gresk. Etter kvart som ny folkeslag og språk kom vart dei pressa opp i Storbritannia og etter romerane og dei andre erobrarane av øyene fram til i dag er det berre avgrensa område i Wales, Irland og Skottland som framleis har ein levande kultur som stammar frå keltarane. Samt Bretagne i Frankrike.


Iallefall; me starta nede i dalen på biletet ovanfor og gjekk oppover. Det var meg, Ailish og Josh. Ailish er frå området og Josh er amerikansk. Etter om lag to timar kom me oss opp på toppen.


Etter å ha sett opp teltet fekk me sjå verdas venaste solnedgong før me gjøymde oss frå frosten i teltet og fortalde eventyr frå Noreg og Wales og andre røvarhistorier. Ein av dei var om fjellet. Det er nemleg sånn at i gamle dagar brukte dei keltiske bardane (dei hadde omtrent same funksjon som dei norrøne skaldane og var poetar) å overnatta på fjellet i håp om å få inspirasjon. Og sagnet seier at alle som overnattar på fjellet vaknar opp som enten diktarar eller galningar. I vårt høve kan eg nok slå fast at me vart litt av begge.


Natta var litt kald, men ikkje aller værst og då me vakna opp var alt dekka av eit tjukt lag med rim. Når sola i tillegg stod opp og gjorde alt gyldent var det rett og slett for vent til å skildra. Etter å ha pakka ned teltet og fått i oss litt mat tusla me nedover frå fjellet igjen. Sola skein og frosten smelta snart vekk. Turen ned vart strålande og fylt av solskin og varme. Etter kvar møtte me fleire og fleire som var på veg opp. Dei såg alle rimeleg imponerte og spurde om me verkeleg hadde overnatta oppe på toppen.

Til slutt kjem eit par bilete av teltet vårt, fyrst i perspektiv, ein ser det so vidt som ein mørk dott midt på biletet:)

(Stor takk til Josh for alle bileta. Cheers to Josh for all the pictures.)

lørdag 23. oktober 2010

Fjell!

Sørlige Wales, Vale og Glamorgan, der skulen min ligg er eit frykteleg flatt område. Av og til er det til å bli riv ruskande galen av. Det er som å vera i Danmark eller på Austlandet; flatt flatt so langt auga kan sjå, berre endelause åkrar eller grasflater. Ingen faste haldepunkt som kan gje deg tryggleik og stadkjensle. 


Men no har eg haustferie og eg reiser til fjell! Nærare sagt reiser eg til Llanegryn i Snowdonia, eit område med ein nasjonalpark i nord-vestlege Wales. Her skal eg vera med Ailish og Josh i ei veke. Ailish er her i frå og me bur i huset hennar med familien hennar, medan Josh er frå USA. Han er ein utruleg artig type, veldig sørstataktig, men likevel ganske so sosialistisk og liberal. Dersom html-en funkar skal det poppa opp eit kart her. Eg legg ogso til ei bilete av fjella. Dei er ikkje like spektakulere som heime i Saogn, men dei er fantastisk mykje betre enn flatt og det kjennest utruleg godt å ha noko å halda fast i igjen!


Vis større kart



mandag 30. august 2010

Nytt liv

Hei og haa folkens, eg vonar alt gaar bra heime i Noreg! Fyrst maa eg berre beklaga at det har gatt ei god stund utan blogging. Det har to aarsakar: den fyrste at det er litt komplisert med internett her paa skulen(ikkje traadlaust, berre paa skulemaskiner) og den andre at eg ikkje har hatt tid. Ting er hektiske her! Framover kjem eg til aa ta sikte paa om lag eit eller to innlegg i maanaden, vonar de les!

No har eg budd om lag to veker paa den nye skulen min, og i dag starta undervisninga. Dei har verkeleg vore eit eventyr!


Eg og Magnus(ein av dei andre fyrsteaaringane fraa Noreg, Bergen) tok saman flyet fraa Flesland til Gatwick i London. Derifraa stressa me oss av garde med buss til Heathrow for aa rekka den fyrste fellesbussen som var sett opp. Etter litt korridorspringing med kofferttraller kom me til motepunktet, som allereie vrimla med folk fraa alle moglege nasjonalitetar. Bussturen varte ei stund(4-5timar) og alle var ganske nervose. Daa me endeleg kom fram til skulen fekk me den mest staselege velkomsten eg har sett paa ei lang stund! Alle andreaaringane kom stormande mot bussen, med kamprop, kasserollar, vuvuzela, ansiktsmaaling og kunstneriske banner og plaktar med namna paa dei ulike husa. Det er sju ulike hus paa skulen, som elevane bur i. Omtrent som Harry Potter. Eg havna i Withaker(som er huset for alle dei kule og snille folka). Alle fyrsteaaringane ropte ut namn og hus gjennom megafon og vart frakta til huset sitt av fantastiske andreaaringar. Etter kvart motte eg husforeldra, to vaksenpersonar som har ansvar for huset, mine og romkameratane mine. Alle veldig bra folk.


Morgonen etterpaa drog me paa leir paa vestkysten av Wales. Skulen ligg heilt sor-aust i Wales, naer Cardiff og grensa til England, so det vart ein brukbar busstur. Etter tre-fire dagar med leik, surfing, turgaaing, uhorveleg mykje sosialisering osb. kom me attende til skulen. Dagane fram til no har me brukt paa introduksjon til broga, omraadet og servicane. Kjem attende til dei to fyrstnemnde, men fyrst servicane. Her paa Atlantic College er det nemnleg saann at ein, i tillegg til undervisninga i dei ulike faga, vel ein samfunnsteneste eller sivilteneste om du vil. Dei er alle ganske praktiske og skal paa ein eller annan maate bidra til aa styrka lokalsamfunnet som skulen befinn seg i. Det kan vera kystvaktsteneste, arbeid med eldre, okologisk landbruk, drifting av kunstsenter osb... Denna "servicen" brukar ein omtrent halvparten av dagen to dagar i veka paa. I tillegg har ein minst to ulike aktivitetar som tek eit par timar to dagar i veka. Ein kan, og det gjer og dei fleste, ogso delta i fleire elevorganiserte aktivitetar uoffisiellt. Det er alt fraa matlagning, til rugby, til ymse politiske grupper og band. Med andre ord alt mogleg rart! Eg har so langt valgt rugby, keramikk, arbeid med feminisme og seksuelle rettar(LHBT) og ei diskusjonsgruppe om okonomisk politikk internasjonalt. Vanlegvis er det fagleg undervsining fraa 8 om morgonen til to paa ettermiddagen, medan resten av dagen gaar med til aktivitetar, service, skulearbeid og chill og moro. Noko anna som er ganske kult er at me faar tre varme maaltid om dagen; frukost, lunsj og middag. Maten er heilt okei, men ikkje supergod. Saknar godt norsk brod og paalegg om morgonane daa.


Borga er heilt fantastisk! Ein god del av undervisninga foregaar i den og sjolv har eg politikk og historie i toppen av eit av taarna. Dersom du har lest Harry Potter-bokene treng du berre forestilla deg skildringane av Galtovort. Akkurat saann kjennest det ut! Eg limer inn eit bilete av borga, men sjolv vart eg mektig imponert naar eg kom her. Det er utruleg mykje venare og fantastisk enn det som kjem fram paa bileta. Dei fyrste dagane gjekk eg meg stadig vekk vill og naar undervisninga byrja vart det ei utfordring aa komma seg snogt nok fraa klasserom til klasserom, gjennom vindeltrapper og tjukke eikedorer. Ein venner seg heldigvis fort til aa komma fram, men det aa bu og arbeida i eit so fantastisk byggverk trur eg aldri eg heilt kjem til aa venna meg til. Bibilioteket, etesalen, forsamlingssalen og historietaarnet er alle utruleg flotte rom. Utanfor er det nydelege rosehagar med statuar, hekkar og blomsterbed. Og nede med sjoen eit utandorsbasseng.


Skulen er paa mange maatar alt eg kunne droymt om. Sjoelv om det manglar eit par smaa detaljar(som ei god sosialistgruppe og traadlaust nett), har skulen eit fantastisk godt miljo som overgaar det meste av det eg har vore borti tidlegare. Ein faar vener fraa heile verda og ein faar ei veldig sterk kjensle av samhald og solidaritet paa tvers av landegrenser og kulturar. Her kan alle bli vener israelarar og palestinarar, japanarar og kinesarar, til og med nordmenn og svenskar. Folka eg delar rom med og dei eg bur i same hus med er alle knakande bra folk og eg byrjar allereie aa kjenne ein del av dei ganske bra. Skulen har mange tradisjonar(nokon meir offisielle enn andre) som framjar inkludering og forstaaing og for min del har dei definitivt gjort jobben sin. Eg kjenner meg heime og er sikker paa at eg kjem til aa ha fantastiske aar her.


Samstundes saknar eg sjolvsagt alle dykk heime i Noreg. Eg vonar me sjaaast/talast/lesast so snart raad er. Maatte de ha gode dagar alle saman!


(Til slutt vil eg berre beklaga mangelen paa dei tre siste bokstavane i det norske alfabetet. Eg kan ganske trygt slaa fast at resten av verda er tre bokstavar fattigare enn oss. Vonar de baer over med det og faar med dykk mesteparten likevel)

søndag 15. august 2010

Hadebra Noreg!


Jess, då var den sommaren over. Då er det berre fire dagar før eg fyk over havet til dei britiske øyane og slår meg ned i Wales for ei stund. I to år skal eg gå på Atlantic College, ein av dei ulike United World College-skulane som er plassert rundt om i verda. Skulane har som føremål å samla folk frå alle nasjonar, kulturar og religionar, uavhengig av økonomisk bakgrunn for å bygga ei betre verd og framja fred og forståing. Ein skule med dessa ideala burde i prinsippet vera noko for meg, so eg vonar den lev opp til forventingane og at dei vene orda faktisk betyr noko. Spanande blir det iallefall! Eg kjem til å leva tett på folk som kjem frå veldig ulike kulturar og kjem frå heilt andre bakgrunnar enn det eg er vand med. På skulen bur me i rom på fire og fire, jenter for seg og gutar for seg, og går fekk eg til og med veta at eg skal dela rom med ein frå Albania, ein frå Spania og ein frå Storbritannia. Eg gler meg storleg til å møta dei nye venene mine!


Kjenslene mine akkurat no er likevel voldsomt blanda og eg kjenner nervøsiteten kryp innpå meg for kvar dag som går. Det blir veldig leit å reisa frå alle dei gode venene mine her heime i Noreg, kjærasten min, familien og ikkje minst organisasjonen min, som eg er so glad i, Sosialistisk Ungdom. Det er frykteleg teit å måtte legga alt bak seg og gå vidare inn i noko nytt, men nokon gonger er ein vel nødt til å gjera nett det. Det er mange eg ikkje har fått sagt skapleg hadet til. De skal alle veta at de betyr mykje for meg og at eg kjem til å sakna dykk mykje. Detta gjeld alle, enten eg kjenner godt eller berre litt. Livet mitt er fult av bra folk og mange eg skulle ynskje eg kjende betre enn det eg gjer. Eg kjem aldri til å klara å hugsa alle, so ikkje kjenn deg uteleten, men her kjem nokon av dei eg ynskjer å takka for gode år, oppleving og læring, og som eg ikkje når fat i på anna vis:

-Gamleklassen på Kaupanger barne- og ungdomskule, eg saknar mange av dykk allereie, de er bra folk alle i hop! Ti år med felles skulegong forsvinn nok ikkje so snøgt og eg reknar med eg kjem til å ha ein god del å gjera med mange av dykk framleis.

- 1STB på Sogndal VGS, de er ein herleg gjeng og eg vonar de får eit godt år!

-Flora, Indre Sogn, resten av Sogn og Fjordane SU, landstyret i SU og ikkje minst heile resten av SU Noreg! Det kjennest kjempeteit å forlata skuta og organisasjonen eg lev for. Det einaste eg har som delvis kan legitimera det er at kunnskapen og erfaringane eg får gjennom dessa to åra kjem til å gjera meg meir verdifull for SU enn om eg hadde blitt igjen. Men verkeleg, det å ikkje kunne jobba fullt og heilt for det eg trur på kjem til å vera eit enormt sakn. For det kan ein kun i SU. Eg lovar å komma attende!

- Den breie familien. Tanter, onklar, syskjenbarn og andre. De har vore med på å gjera oppveksten min full av fargar, innhald og glede. Eg hadde ikkje hatt like fine 17 år til no utan dykk!

- Alle dei andre, alle eg har kjent og som på ein eller annan måte har betydd noko for meg.

Måtte de få gode liv alle saman, ogso talast me voneleg so snart som råd er!

På laurdag fyk eg av gårde til det som på mange måtar blir eit nytt liv. Men merk mine ord; eg kjem attende:)