Jess, då var den sommaren over. Då er det berre fire dagar før eg fyk over havet til dei britiske øyane og slår meg ned i Wales for ei stund. I to år skal eg gå på Atlantic College, ein av dei ulike United World College-skulane som er plassert rundt om i verda. Skulane har som føremål å samla folk frå alle nasjonar, kulturar og religionar, uavhengig av økonomisk bakgrunn for å bygga ei betre verd og framja fred og forståing. Ein skule med dessa ideala burde i prinsippet vera noko for meg, so eg vonar den lev opp til forventingane og at dei vene orda faktisk betyr noko. Spanande blir det iallefall! Eg kjem til å leva tett på folk som kjem frå veldig ulike kulturar og kjem frå heilt andre bakgrunnar enn det eg er vand med. På skulen bur me i rom på fire og fire, jenter for seg og gutar for seg, og går fekk eg til og med veta at eg skal dela rom med ein frå Albania, ein frå Spania og ein frå Storbritannia. Eg gler meg storleg til å møta dei nye venene mine!
Kjenslene mine akkurat no er likevel voldsomt blanda og eg kjenner nervøsiteten kryp innpå meg for kvar dag som går. Det blir veldig leit å reisa frå alle dei gode venene mine her heime i Noreg, kjærasten min, familien og ikkje minst organisasjonen min, som eg er so glad i, Sosialistisk Ungdom. Det er frykteleg teit å måtte legga alt bak seg og gå vidare inn i noko nytt, men nokon gonger er ein vel nødt til å gjera nett det. Det er mange eg ikkje har fått sagt skapleg hadet til. De skal alle veta at de betyr mykje for meg og at eg kjem til å sakna dykk mykje. Detta gjeld alle, enten eg kjenner godt eller berre litt. Livet mitt er fult av bra folk og mange eg skulle ynskje eg kjende betre enn det eg gjer. Eg kjem aldri til å klara å hugsa alle, so ikkje kjenn deg uteleten, men her kjem nokon av dei eg ynskjer å takka for gode år, oppleving og læring, og som eg ikkje når fat i på anna vis:
-Gamleklassen på Kaupanger barne- og ungdomskule, eg saknar mange av dykk allereie, de er bra folk alle i hop! Ti år med felles skulegong forsvinn nok ikkje so snøgt og eg reknar med eg kjem til å ha ein god del å gjera med mange av dykk framleis.
- 1STB på Sogndal VGS, de er ein herleg gjeng og eg vonar de får eit godt år!
-Flora, Indre Sogn, resten av Sogn og Fjordane SU, landstyret i SU og ikkje minst heile resten av SU Noreg! Det kjennest kjempeteit å forlata skuta og organisasjonen eg lev for. Det einaste eg har som delvis kan legitimera det er at kunnskapen og erfaringane eg får gjennom dessa to åra kjem til å gjera meg meir verdifull for SU enn om eg hadde blitt igjen. Men verkeleg, det å ikkje kunne jobba fullt og heilt for det eg trur på kjem til å vera eit enormt sakn. For det kan ein kun i SU. Eg lovar å komma attende!
- Den breie familien. Tanter, onklar, syskjenbarn og andre. De har vore med på å gjera oppveksten min full av fargar, innhald og glede. Eg hadde ikkje hatt like fine 17 år til no utan dykk!
- Alle dei andre, alle eg har kjent og som på ein eller annan måte har betydd noko for meg.
Måtte de få gode liv alle saman, ogso talast me voneleg so snart som råd er!
På laurdag fyk eg av gårde til det som på mange måtar blir eit nytt liv. Men merk mine ord; eg kjem attende:)

Håper du får det kjempefint i utlandet!
SvarSlettOg det er bra at du kommer tilbake ^^ :p
Vi snakkes, ha det kjempegøy og lær mye! :D
Så kjekt å lese på bloggen din, du skriv kjempebra!
SvarSlettVi i SU kjem til å sakne deg kjempemykje også! Du har gjort ein kjempegod jobb, og eg er sikker på at du kjem til å bidra til mykje bra dit du reis no også! Håper du får ei strålande tid, og får oppleve mykje. Gleder meg til å lese vidare :D