No har eg budd om lag to veker paa den nye skulen min, og i dag starta undervisninga. Dei har verkeleg vore eit eventyr!
Eg og Magnus(ein av dei andre fyrsteaaringane fraa Noreg, Bergen) tok saman flyet fraa Flesland til Gatwick i London. Derifraa stressa me oss av garde med buss til Heathrow for aa rekka den fyrste fellesbussen som var sett opp. Etter litt korridorspringing med kofferttraller kom me til motepunktet, som allereie vrimla med folk fraa alle moglege nasjonalitetar. Bussturen varte ei stund(4-5timar) og alle var ganske nervose. Daa me endeleg kom fram til skulen fekk me den mest staselege velkomsten eg har sett paa ei lang stund! Alle andreaaringane kom stormande mot bussen, med kamprop, kasserollar, vuvuzela, ansiktsmaaling og kunstneriske banner og plaktar med namna paa dei ulike husa. Det er sju ulike hus paa skulen, som elevane bur i. Omtrent som Harry Potter. Eg havna i Withaker(som er huset for alle dei kule og snille folka). Alle fyrsteaaringane ropte ut namn og hus gjennom megafon og vart frakta til huset sitt av fantastiske andreaaringar. Etter kvart motte eg husforeldra, to vaksenpersonar som har ansvar for huset, mine og romkameratane mine. Alle veldig bra folk.
Morgonen etterpaa drog me paa leir paa vestkysten av Wales. Skulen ligg heilt sor-aust i Wales, naer Cardiff og grensa til England, so det vart ein brukbar busstur. Etter tre-fire dagar med leik, surfing, turgaaing, uhorveleg mykje sosialisering osb. kom me attende til skulen. Dagane fram til no har me brukt paa introduksjon til broga, omraadet og servicane. Kjem attende til dei to fyrstnemnde, men fyrst servicane. Her paa Atlantic College er det nemnleg saann at ein, i tillegg til undervisninga i dei ulike faga, vel ein samfunnsteneste eller sivilteneste om du vil. Dei er alle ganske praktiske og skal paa ein eller annan maate bidra til aa styrka lokalsamfunnet som skulen befinn seg i. Det kan vera kystvaktsteneste, arbeid med eldre, okologisk landbruk, drifting av kunstsenter osb... Denna "servicen" brukar ein omtrent halvparten av dagen to dagar i veka paa. I tillegg har ein minst to ulike aktivitetar som tek eit par timar to dagar i veka. Ein kan, og det gjer og dei fleste, ogso delta i fleire elevorganiserte aktivitetar uoffisiellt. Det er alt fraa matlagning, til rugby, til ymse politiske grupper og band. Med andre ord alt mogleg rart! Eg har so langt valgt rugby, keramikk, arbeid med feminisme og seksuelle rettar(LHBT) og ei diskusjonsgruppe om okonomisk politikk internasjonalt. Vanlegvis er det fagleg undervsining fraa 8 om morgonen til to paa ettermiddagen, medan resten av dagen gaar med til aktivitetar, service, skulearbeid og chill og moro. Noko anna som er ganske kult er at me faar tre varme maaltid om dagen; frukost, lunsj og middag. Maten er heilt okei, men ikkje supergod. Saknar godt norsk brod og paalegg om morgonane daa.
Borga er heilt fantastisk! Ein god del av undervisninga foregaar i den og sjolv har eg politikk og historie i toppen av eit av taarna. Dersom du har lest Harry Potter-bokene treng du berre forestilla deg skildringane av Galtovort. Akkurat saann kjennest det ut! Eg limer inn eit bilete av borga, men sjolv vart eg mektig imponert naar eg kom her. Det er utruleg mykje venare og fantastisk enn det som kjem fram paa bileta. Dei fyrste dagane gjekk eg meg stadig vekk vill og naar undervisninga byrja vart det ei utfordring aa komma seg snogt nok fraa klasserom til klasserom, gjennom vindeltrapper og tjukke eikedorer. Ein venner seg heldigvis fort til aa komma fram, men det aa bu og arbeida i eit so fantastisk byggverk trur eg aldri eg heilt kjem til aa venna meg til. Bibilioteket, etesalen, forsamlingssalen og historietaarnet er alle utruleg flotte rom. Utanfor er det nydelege rosehagar med statuar, hekkar og blomsterbed. Og nede med sjoen eit utandorsbasseng.Skulen er paa mange maatar alt eg kunne droymt om. Sjoelv om det manglar eit par smaa detaljar(som ei god sosialistgruppe og traadlaust nett), har skulen eit fantastisk godt miljo som overgaar det meste av det eg har vore borti tidlegare. Ein faar vener fraa heile verda og ein faar ei veldig sterk kjensle av samhald og solidaritet paa tvers av landegrenser og kulturar. Her kan alle bli vener israelarar og palestinarar, japanarar og kinesarar, til og med nordmenn og svenskar. Folka eg delar rom med og dei eg bur i same hus med er alle knakande bra folk og eg byrjar allereie aa kjenne ein del av dei ganske bra. Skulen har mange tradisjonar(nokon meir offisielle enn andre) som framjar inkludering og forstaaing og for min del har dei definitivt gjort jobben sin. Eg kjenner meg heime og er sikker paa at eg kjem til aa ha fantastiske aar her.
Samstundes saknar eg sjolvsagt alle dykk heime i Noreg. Eg vonar me sjaaast/talast/lesast so snart raad er. Maatte de ha gode dagar alle saman!
(Til slutt vil eg berre beklaga mangelen paa dei tre siste bokstavane i det norske alfabetet. Eg kan ganske trygt slaa fast at resten av verda er tre bokstavar fattigare enn oss. Vonar de baer over med det og faar med dykk mesteparten likevel)

DET HØYREST HEILT FANTASTISK HERLEG UT!
SvarSlettEkstremt kjekt å høyre om skulen!!!!
SÅ bra at du trivast :) Faga og aktivtetane dykk kan vere medp på høyrtest kjempespennande ut, gleder meg til å høyre om korleis det går med arbeidet og aktivitetane du har valt!
Og ja, det minner veldig om Harry Potter.. Sinnsjukt kult, og rå borg!
Kos deg masse vidare!
Oi Oi ka tid begynner de med rompeldunk.
SvarSlettdette ser spennende ut. Lykke til.
Helsing Ole
åå herregud, så utruli fint! Høres ut som du kommer til å ha tidenes år i Wales - æ misunne dæ bigtime! :) Lett at æ hold utkikk etter billetta og lykketur på besøk nærmere vinterferien! stor klem!
SvarSlettSo utrule koselig det høyres ut! Kanskje eg kjem ned der til neste år, vurdera det særs sterkt! :) Håpar du kosar deg og får eit supert år! :)
SvarSlett-Heidi